Ørkenrotter

Ørkenrotter

onsdag 24. april 2013

Vår


Varmt, godt
Sola tittar fram
Sommaren kjem tilbake snart
Vår

Av Emilie

fredag 22. mars 2013

Festen



Festen

Stillheta senkar seg, alt er mørkt. Det er rart korleis ein så lys og flott dag, plutseleg kan forsvinne og bli til eit stort, svart hol. Alt er så kaldt. Eg trekkjer pleddet enda meir over meg, om håp av vern frå det. Auga mine klistrar seg fast på peisen, han brenn. Elden sprutar opp frå vedkubben, og lager vakre, oransje fargar. Eg brukar ofte å sitje slik framfor peisen, sitje der og bare glana. Eg tenkjer på valet som eg kunne gjort annleis, og korleis hendinga har påverka meg. Redsla spreier seg i kroppen, for kva morgondagen vil bringe. Kva vil dei sei om meg? Kva for eit blikk vil eg få?
Eg ønskjer at eg var elden i peisen, for han ser så sterk og herskande ut. På ein måte ser det ut som at han ikkje bryr seg. Eg er ikkje kristen. Eg trur ikkje på Gud, som kan gjere verda bra for alle. Om Gud hadde funnest hadde ikkje eg sete her i kveld, aleine, redd og ubrukeleg. Gud har aldri hjelpt meg, han har aldri sett meg. Spesielt i kveld har han ikkje sett meg, eller hjelpt meg.
*

Det heile starta i dag tidleg. Skulegarden var full av elevar, alle stod saman i store gjengar. De snakka saman, lo og tulla. Eg ønskte at eg var ein av dei. Ein av dei som ikkje alltid var pliktoppfyllande og sat med lekser heile dagen. Blikket mitt snudde seg frå gjengen, og konsentrerte seg heller om målet. Ti skritt til, så ville eg vere der, opne døra og sette meg ved pulten min, tenkte eg. Pultane stod spreidde rundt i rommet, og katetret stod aleine. Eg sank ned på stolen min, eg la merke til ein konvolutt på pulten min. Han var kvit, stor og hadde svart skrift midt på. Mia, lyste det mot meg. Eg las ordet fleire gonger, før eg kom til at det var eg som var Mia. Fingrane mine glei lett over han, og eg opna han raskt. Eg trekte arket ut, og las det inni meg.
”Hei Mia.
Du er invitert på fest hos meg i kveld. Ta på deg fine klede. Eg ordnar mat og drikke.
Klem Aurora.”

Eg sat heilt stille og urørleg. Tankane mine flaug i hovudet, men vart avbrotne av elevane som strødde inn. Raskt gøymde eg bort brevet. Bråket starta. Gutane hoppa rundt på pultane som apekattar, medan jentene lo skjerande. Eg var heilt i mine tankar, om brevet. Eg kjente auge i nakken, blikk som vart sendt som rakettar frå dei. Så gjekk det opp for meg, dette med brevet var ein av de slemme spøkane deira. Som vanleg eg gjekk heim aleine. Lufta var klam og det lukta varm, herlig sommardag. Plutseleg høyrde eg skritt bak meg, eg snudde meg og blikket mitt møtte Auroras krystall-blåe auge. ”Fekk du brevet?” spurte ho. Eg nikka mot det smilande, freknete fjeset som var dekt av sminke. ”Så….du kjem?” Eg visste ikkje kva eg skulle svara. Aurora hadde aldri snakka med meg før, heller ingen av dei andre. Altfor lenge hadde eg vore  luft for resten av klassen, og no skulle eg liksom feste med dei.”Er det tull?” stamma eg fram. ”Nei, Mia! Eg vil bare ha deg med. Slepp deg litt laus, og ha det gøy. Det er det vel lenge sidan du har gjort?”  ”Ja”, kviskra eg.  ”Tenk om det blir gøy? Kva kunne skada med å dra”, tenkte eg.
Kjolen  hengde der i skåpet, såg glitrande ut. Eg tok han, og tok over den nakne kroppen min. Eg såg på meg sjølv i spegelen, eit smil var plassert på leppene. Eg kjende ei kald, våt tåre renne nedover kinnet mitt. ”Eg skal på fest”, kviskra eg lågt.
Inne hos Aurora var det fuktig, og lukta var ein blanding av sveitte, parfyme og alkohol. Ungdommar dansa som barnehagebarn, og allereie var det fleire som sjangla rundt og sov. Eg hørte ikkje heime her. Eg var på veg mot døra med raske skritt, da eg vart stansa av ein gut. ”Kven er du?” spurde han. Guten hadde brunt, langt hår som var lagt bakover. Nøttebrune auge som lyste. Leppene var store og raude. Mats heitte han. ”Ehm...Mia”, mumla eg, og følte meg teit. Han spurde om eg kjeda meg, og plutseleg vart eg dradd gjennom huset, forbi leande jenter og dansande guter. Vi kom inn i eit rom, som minte om eit kjøkken. Mats bad meg om å halde handa fram, ein merkelig, forma kapsel vart plassert. Eg såg ned på den fargerike, runde tingen som minte om godteriet ”Love hearts”. Eg la merkje til at fleire folk stod rundt oss, alle stirra på meg. ”Kom igjen, Mia!! ”, sa dei. Folk begynte å le, dei trudde eg ikkje at eg skulle gjere det. Ei siste gong såg eg på kapselen, før eg kasta han i munnen. Den knasa mellom tennene mine, og smaka som ei blanding av fruktjuice og sukkertøy. Smaken var kvalmande, men eg tvang meg sjølv til å svelga han. Folk såg på meg, med alvorlige uttrykk. Dei rekna ikkje med at dette ville skje. Eg klarte ikkje lenger, kjende meg så svimmel. Eg var nær ved å falle, men Mats tok meg i mot. ”Bli med meg, du”, sa han, med et lurt smil på leppane. Eg hadde bare smilt og nikka, utan ein tanke om kva som ville skje med meg.

*

Og her sit eg. Aleine, ei ubrukeleg og verdilaus hore. Eg føler tårene pressar seg fram i augo, det trillar ei lita, kald tåre nedover kinnet mitt. Og ei til, og ei til, til slutt byrjar tårene å strøyme på. Bilete kjem i hovudet, som i ein teiknefilm. Måten Mats brøyt inn i meg, skrika mine. Desperat ropte eg  på hjelp, men ingen hørte meg. Og etterpå bare la meg ligga der tom og med null kjensler. Eg ønskjer at eg var elden i peisen, for han ser så sterk og herskande ut. På ein måte ser det ut som at han ikkje bryr seg. Som eg sa, eg er ikkje kristen. Eg trur ikkje på Gud, som kan gjere verda bra for alle. Om Gud hadde funnest hadde ikkje eg sete her i kveld, aleine, redd og ubrukeleg. Gud har aldri hjelpt meg, han har aldri sett meg. Spesielt i kveld har han ikkje sett meg, eller hjelpt meg.

Av Sadaf


torsdag 7. mars 2013

Eg ser på ho


Eg ser på ho
ho ser på meg
eg følar kjærleiken
men så kom han...
tar ho i handa og dei forsvinn
forsvinn frå mitt sinn og forsvinn frå mitt syn

Av Hasnain

Hjarte

Hjarte
Kjærleik, motgang
Raudt som rosa
Pumpar blod, pumpar liv.
Hjarte


Av Oda

Vi kan elska feil person



Vi kan elska feil person,
og gråte over feil person,
men ein ting er sikkert.
Feil kan hjelpa oss å finne rett person.

Av Suzan

Forlatt


Hvis ho bare ikkje hadde forlatt han, ville han ikkje vært aleine. 
Hvis ho bare ikkje hadde dratt frå han, ville han ikkje grått kvar dag
Hvis ho bare ikkje hadde forlatt han ville, han ikkje vært redd heile tida

Hvis han bare hadde sagt "eg elskar deg", ville ho ikkje latt han være aleine
Hvis han bare hadde held kjeft, ville ho ikkje sagt noko stygt
Hvis han bare hadde sagt  "eg saknar deg", ville ho ikkje forlatt han.

Av Erle

onsdag 6. mars 2013

Ungdommen

Ungdommen

Sta, snill
Kranglete med mor
Vil bare bli stor
Ungdommen

Av Rebekka